Påmelding Knarvikmila før 1. mai - spar penger
Postet av Knarvikmila den 24. Nov 2017
Meld deg på no og spar pengar, samt få eit dagskort hjå Voss Resort med verdi kr. 410,-!
Det er billeg å melda seg på før 1. mai! Gratis dagskort til dei 1000 første(vi har no passert 700). Dette gjeld distansane: Knarvik Xtrem, KnarvikMila 5 km, KnarvikMila 10 km, KnarvikMila halvmaraton og NaturMila. Dagskortet gjeld for sesongen 2018/2019 og kan hentast på KnarvikMessa på arrangementsdagane.
*) Familie vert rekna som maks 2 vaksne og 2 born født i 2000 eller seinare. Kr. 100,- pr ekstra utover dette
Dersom du er medlem i Kondis får du kr. 40,- i rabatt for påmelding på 10 km, og kr. 80,- i rabatt for påmelding på halvmaraton.Det tilkjem eit administrasjonsgebyr på kr. 15,- pr påmelding til leverandøren av påmelding- og tidtakningssystemet.Norges Friidrettsforbund krev lisens frå alle deltakarar som er mellom 13 (frå det året ein fyller 13) og 80 år, i arrangement i regi av lag tilknytta Norges Friidrettsforbund. Lisensen er ein forsikringsordning vedteken på NFIFs ting. Du kan velja mellom eingongslisens eller årslisens - ref www.friidrett.no/mosjon/lisens
Gratis t-skjorte til alle deltakarane i MiniMila / KnøtteMila!
Det kostar kun kr. 125,- + avgift å melda seg på MiniMila / KnøtteMila før 1. mai. Inkludert i prisen vert det ei teknisk t-skjorte frå Mizuno. Alle får medaljar i målområdet etter løpet. Alle deltakarar på MiniMila får gratis dagskort hjå Voss Resort. Du får altså verdiar for over kr. 500,- om du er tidleg ute, samt ei fantastisk oppleving med deltaking første helga i september!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Knarvikmila
nye internettsider - knarvikmila.no
18.06.2018
KnarvikMila Magasinet 2018 er no ute.
25.04.2018
Bergen Fjordtur 16. juni
26.01.2018
Resultat Knarvikmila 2017
01.09.2017
Henting av startnr og etterpåmelding
30.08.2017