Om KnarvikMila

Kort eller langt?

Bratt eller slakt! Springe eller gå? KnarvikMila er meir enn eit løp og meir enn ein distanse.

KnarvikMila er òg meir enn eit idrettsarrangement. Dette er ei veke spekka med både kultur- og idrettsarrangement. I 2017 blir KnarvikMila arrangert for 35. gong. Då fører alle vegar og spretne føter til Knarvik.

KnarvikMila blei starta i 1982 av ildsjel og primus motor Helge Brekke og blir arrangert av friidrettsklubben FIL-AKS77. Sidan 1982 har tusenvis av føter sprunge langs vegar og på bane i Knarvik ei veke kvar haust. I 2015 var 500 frivillige i sving for å gjere arrangementet minneverdig for dei nesten 8000 påmelde. Utan frivillige langt utanfor medlemmane i idrettslaget, hadde det ikkje vore mogeleg å arrangere KnarvikMila slik den er i dag – ei veke til endes.

Det er totalt 13 ulike samarbeidspartnarar som er med på å arrangere KnarvikMila: Lindås kommune, Musikkens Venner, Knarvik Senter, Lyngheisenteret, Knarvik Skulekorps, Knarvik IL, Hordaland Idrettskrets, Søfteland TIL, Norhordland Ballklubb, Dørstokkmila, Norhordland turlag, Knarvik ungdomsskule, , Norhordland Røde Kors Skodvin Skulekorps og Lindås Songlag..

Vi må også rette ein stor takk til sponsorar og næringslivet som støttar KnarvikMila år etter år.



Eddie Ebbesvik
Daglig leiar







Mobil 920 85 025
E-post: eddie@knarvikmila.no


Helge Brekke
Styreformann







Mobil 971 45 628
E-post: helge@knarvikmila.no


KnarvikMila – The Great Fjord Run oppfyller alle sikkerhet- og kvalitetsstandardene i den prestisjefulle sertifiseringen Running4al. Running4all er en europeisk sertifisering for gateløp som er utarbeidet av European Athletics. For å bli sertifisert evalueres arrangøren ut i fra 54 kvalitetskategorier. For å oppnå alle fem-stjerner må arrangøren oppfylle 54 av 54 mulige kriterier innen: administrasjon og økonomi, løype, miljø- og samfunnsansvar, mål, medisinsk, resultater, sikkerhet, tjenester og tidtakning.



Foto: Jørgen Pettersen (kondis)








Visste du? KnarvikMila samarbeider med The Great Ethiopian Run
om eit utdanningsprogram for barn og unge i Etiopia, leia
av Haile Gebrselassie.








Powered by: Bloc