Praktiske opplysningar

For å delta på Knarvikmila er det ein del praktisk informasjon ein må få med seg.


Det første ein må gjere er å melde seg på. Dette kan ein gjer innan 31. august, og då online via internett.

Etterpåmelding: NB! Det vert då lagt på eit ettepåmeldingsgebyr

• Online fram til løpsdagen

• Fredag 1. september i Nordhordlandshallen – kl. 16.00-20.00

• Lørdag 2 september i Nordhordlandshallen – kl. 10.00-16.00

• Søndag 3. september i Nordhordlandshallen – kl. 10.00 til 30 minutt før start

Henting av startnummer:

• Fredag 1. september i Nordhordlandshallen – kl. 16.00-20.00

• Lørdag 2. september i Nordhordlandshallen – kl. 10.00-16.00

• Søndag 3. september i Nordhordlandshallen – kl. 10.00 til 30 minutt før start


Det kan vere lurt å hente startnr. lørdag for å unngå å stå i kø på søndag. Hugs å feste startnr godt synleg på brystet.

Kven kan delta?

HalvMarathon:
Alle som er fødde i 2002 eller tidlegare. Aldersgrense 15 år.

Fjord Tur:
Ingen nedre aldersgrense

5 km:
Alle som er fødde i 2007 eller tidlegare

10 km:
Alle som er fødde i 2005 eller tidlegare

YT-Stafetten:
Stafetten er open for både bedrifter, familier og vennelag.

Naturmila:
Ingen nedre aldersgrense

Minimila:
Gutar og jenter i 1. til 7. klasse

Knøttemila:
Gutar og jenter frå 2 til 6 år (dei som ikkje har starta på skulen)

Ungdomsmila:
Guter og jenter 8. til 10. klasse

Påmeldingspriser 2017:


Powered by: Bloc