MiniMila & KnøtteMila

Ein familiedag for akkurat passeleg store føter!

MiniMila og KnøtteMila går av stabelen kvart år på Knarvik Stadion.


Dato: søndag 3. september

Start Knøttemila: 11:00

Start Minimila: 11:30

Denne dagen er det også fleire familieaktivitetar, som for eksempel sals- og informasjonsmesse, «Frukost til tusen» og underhaldning frå scena..

Det blir flotte premiar trekt på startnr., og alle som deltek får t-skjorte!

  • MiniMila er eit løp for dei som går i 1.–7. klasse utan tidtaking og med klassevis start. I 2016 deltok ca. 700 barn.
  • KnøtteMila er for dei som enno ikkje har begynt på skulen. Løpet går inne på Knarvik Stadion og i løypa er det lagt inn spanande hinder. I 2016 deltok ca. 500 barn.

Konsert/underhaldning - program ikkje klart
Powered by: Bloc