Bergen FjordTur - lørdag 16. juni 2018

NYTT I 2018: Start er flytte frå Bryggen til Fløyen.

Ein framifrå tur frå Bergen(Fløyen) til Knarvik




Bergen FjordTur er ein turmarsj på ca. 27 km. Traseen går frå Fløyen til Knarvik Senter. Store delar av turen følger den gamle postvegen og fortset på fortau/veg/sti over Norhordlandsbrua, Flatøy og Hagelsundbrua til Knarvik Senter. Dersom du ikkje vil gå heile turen, kan du starte frå IKEA i Åsane (14km).

Tur med fløybana opp til Fløyen er ink. i påmeldinga.

NB! Etterpåmelding - tur opp til Fløyen er IKKJE Inkludert i påmeldinga.

Eiga klasse for løp. Berre start frå Fløyen. Her blir det tidtaking og premiering til dei 3 beste kvinner og menn.

Dato: lørdag 16. juni NB!!
Start Fløyen : turklasse kl 09:30 - 10:00 ,  løpsklassen kl 10:00(fellesstart) - IKEA Åsane 11:30 (felles start)
Premiering: Trekt på startnr. Ein er også med i trekninga av hovudpremiane på sjølve Knarvikmila i september. 
Gratis buss: Det vert sett opp GRATIS buss frå Knarvik til Bergen/IKEA ca kl 0830/1030. Det er også gratis buss frå Knarvik til Bergen/Åsane etter løpet.

Henting av startnummer:

Ved nedre stasjon Fløyenbanen frå 08:30 til 09:45

Ved IKEA Åsane frå 11:00 til 11:30.

 Etterpåmelding:

På Fløyen frå 09:00 til 10:00 (Må kjøpe eigen billett opp til Fløyen)

Ved IKEA Åsane frå 11:00 til 11:30.

 START Fløyen:

LØP: Fellesstart frå Fløyen klokka 10:00.

TUR: Frå Fløyen klokka 09:30 - 10:00

 

Fellesstart frå IKEA Åsane klokka 11:30.


Transportinformasjon

Det er satt opp gratis buss frå Knarvik Skysstasjon til Bergen, Thon Hotell Bryggen kl. 0830 og til Ikea kl. 1030.

Det er også gratis buss frå Knarvik til Bergen/Åsane etter løpet. Retur kl : 1500,1600 og 1630


Pris påmelding - start Fløyen:

Distanse Innan 30. april Innan 15. juni Etterpåmelding
Bergen FjordTur/løp kr. 275 kr. 300 kr. 350
Bergen FjordTur - Familie *) kr. 550 kr.600 kr. 700

*) Familie vert rekna som maks 2 vaksne og 2 born født i 2000 eller seinare.

Tur med fløybana opp til Fløyen er ink. i påmeldinga.

NB! Etterpåmelding - tur opp til Fløyen er IKKJE Inkludert i påmeldinga.

Pris påmelding - start IKEA:

DistanseInnan 30. aprilInnan 15. juniEtterpåmelding
Bergen FjordTurkr. 225
kr. 350kr. 300
Bergen FjordTur - Familie *)kr. 450kr.500kr. 600

*) Familie vert rekna som maks 2 vaksne og 2 born født i 2000 eller seinare.

Det tilkjem eit administrasjonsgebyr på kr. 15,- pr. påmelding til leverandøren av påmelding- og tidtakningssystemet.

Praktiske opplysningar
Løypa frå Fløyen er 27 km lang og har ei samla oppstigning på 800m.
Løypa frå IKEA Åsane er ca 14 km lang.
Løypemerking: Km-merke, skilt med piler, raude og kvite merkebånd, grøn strek i asfalten.

Mat og drikkestasjonar:
Eidsvåg - 7 km - drikke
Rolland - 10 km - saft
IKEA Åsane - 14 km til mål - Matpakke og Olden vatn.
Tellevik fotballbane - 6km til mål - Olden vatn og banan.
Flatøy parkeringsplass - 3km til mål - saft
I Knarvik blir det servert gratis saft, suppe og brød.

Toalett:
IKEA Åsane


Til slutt nokre gode råd:

Husk gode sko og ikkje minst gode labbar.
Joggesko som er brukt eit par gonger er kanskje det beste.
Det er ca 50% asfalt , 30% grus og 20% sti på turen.

Ein må kle seg etter været. Ta med ein liten ryggsekk slik at ein kan kle av og på seg etter været.

Det er sett opp 5 drikke/matstasjonar på turen frå Fløyen. Den første etter ca 8km.
Ta likevel med litt drikke og mat i ryggsekken.

Beskrivelse av løypa kjem ein tilbake til i løpet av kort tid.

Powered by: Bloc