HalvMaraton

Årets utfordring! Er du med?


Foto : sportsmanden.no


KnarvikMila sin HalvMaraton
vert arrangert for 9. gong i 2017. Traseen er bilfri og du kan glede deg til å ha flott natur i augesynet undervegs. Frå start på Knarvik Stadion går løypa mellom anna over Hagelsundbrua. Distansen har god deltaking både nasjonalt og internasjonalt, og er mellom anna favoritten til Haile Gebrselassie. Aldersgrense 15 år.


Dato: søndag 3. september

Start: 12:00

Premiering: Det er premiar til dei tre beste kvinner og menn.

Distansen er klasseinndelt med premie til kvar klassevinnar.

Ungdom/junior: 15–17, 18–19, 20–22 år.
Senior: 23–34 år.
Veteran: Det er 5-årsklassar for veteranar – frå 35 år og oppover.


Halvmarathon inngår i FjordViking. Deltek du på lang løype KnarvikXtrem(1/9) , 10km(2/9), og halvmarathon(3/9) er du Fjordviking og

får ein eigen premie.


Løypekart film HalvMarathon:

Løypa, steg for steg: Starten går inne på Knarvik Stadion. Når du kjem ut av stadion tek du til høgre og inn på Lonsvegen. Etter ca. 1 km tek du til høgre og inn på E-39 til du har kryssa Hagelsundsbrua. Her tek du inn på ein gangveg. Vidare går løypa over Flatøy og inn på Nordhordlandsbrua. På brua spring du ca. 750 m, snur og følgjer gangvegen tilbake. Løypa går så over Krossnessundbrua og mot Frekhaug Senter på gangveg (564). Du følger så gangvegen forbi Mjåtveit og opp til Sandskaret der ein tek vegen mot Dale (250). I krysset ved ungdomshuset på Dale tek du til høgre mot Sakstad (244). Ein spring så forbi Fossemyra og ned mot Frekhaug Senter. Der følgjer ein vegen til Fosse og kjem tilbake til Krossnessundbrua. Her tek du inn på gangvegen og følgjer denne over Flatøy til Knarvik og inn mot mål på Knarvik Stadion.

Løypekart Halvmarathon:

Høgdeprofil:


Powered by: Bloc