Påmelding Knarvikmila før 1. mai - spar penger

Postet av Knarvikmila den 24. Nov 2017

Meld deg på Knarvikmila 2018

Meld deg på no og spar pengar, samt få eit dagskort hjå Voss Resort med verdi kr. 410,-!

Det er billeg å melda seg på før 1. mai! Gratis dagskort til dei 1000 første(vi har no passert  700). Dette gjeld distansane: Knarvik Xtrem, KnarvikMila 5 km, KnarvikMila 10 km, KnarvikMila halvmaraton og NaturMila. Dagskortet gjeld for sesongen 2018/2019 og kan hentast på KnarvikMessa på arrangementsdagane.


*) Familie vert rekna som maks 2 vaksne og 2 born født i 2000 eller seinare. Kr. 100,- pr ekstra utover dette

Dersom du er medlem i Kondis får du kr. 40,- i rabatt for påmelding på 10 km, og kr. 80,- i rabatt for påmelding på halvmaraton.Det tilkjem eit administrasjonsgebyr på kr. 15,- pr påmelding til leverandøren av påmelding- og tidtakningssystemet.Norges Friidrettsforbund krev lisens frå alle deltakarar som er mellom 13 (frå det året ein fyller 13) og 80 år, i arrangement i regi av lag tilknytta Norges Friidrettsforbund. Lisensen er ein forsikringsordning vedteken på NFIFs ting. Du kan velja mellom eingongslisens eller årslisens - ref www.friidrett.no/mosjon/lisens

Gratis t-skjorte til alle deltakarane i MiniMila / KnøtteMila!
Det kostar kun kr. 125,- + avgift å melda seg på MiniMila / KnøtteMila før 1. mai. Inkludert i prisen vert det ei teknisk t-skjorte frå Mizuno. Alle får medaljar i målområdet etter løpet. Alle deltakarar på MiniMila får gratis dagskort hjå Voss Resort. Du får altså verdiar for over kr. 500,- om du er tidleg ute, samt ei fantastisk oppleving med deltaking første helga i september!



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.