Kle deg som ein vinnar

Postet av Knarvikmila den 9. Aug 2016

Vel, ein kan kanskje ikkje kle seg til seier i Knarvikmila, men det kan likevel vere lurt å begynne å planlegge kledninga til løpet. Dagleg leiar ved MX Atleten i Knarvik, Bjørn Blomvågsnes, har sjølv delteke på Knarvikmila fleire gonger. Erfaringa hans er at ein bør tenke fornuftig kring vêrvarselet.– Om det er varmt spring ein gjerne i ein kort tights og ein singlet. Det er tilrådd å bruke teknisk tøy som transporterar sveitte og fukt. Unngå bomullstekstilar inst til kroppen då denne typen tekstil absorberer fukt. Om det er kaldt så tar ein heller ein lang tights, og regnar det i tillegg kan ein jo velje vassavvisande tights og jakke, seier han.

Han er kjapp med å føya til at det likevel er betre å legge ut på løp med dei kleda ein har, enn å sitte heime.

– Eit godt, lett og komfortabelt tøy dekker dei fleste behov.

For nokon er «selfie-sticken» blitt heilt naudsynt.


Gå ut skoa i framkant

Dei færraste treng å gå til innkjøp av nytt tøy til denne type løp. Om ein likevel skulle trenge nye sko eller plagg, bør ein teste desse på førehand.

– Det er definitivt og lurt å gå inn skoa i framkant og sjå at dei fungerer før du legg ut på eit langt løp. Bruk gjerne ein god springestrømpe for å unngå gnagsår og at dei sklir ned undervegs.

Han har òg ei klar meining om kor ein bør investere pengane sine.


Store prisskilnadar

– Ein blir ikkje skada av feil tøy, men ein kan bli skada ved bruk av feil sko. Det er store skilnadar på dei ulike prisnivåa. Dei som trener mykje er ofte veldig medvitne, medan mosjonistane som gjerne har større behov for sko som hjelper dei i gang, høyrer ikkje alltid på råda våre, men går gjerne etter utsjånad og pris, seier treningsentusiasten.

At skoen har tilstrekkeleg demping, er tilpassa springesettet og korrigerer utslag på springsteget er nokre av funksjonane Blomvågsnes legg vekt på i val av sko.

Om du vurderer å spandere på deg nye springesko i framkant av Knarvikmila, har Blomvågsnes delt sine beste tips her.

Startskotet frå fjoråret løp. Her gjeld det å helde posisjon!


Er vasstett eigentleg best?

Dei fleste av løpa går på asfalt, men for dei som skal gi seg ut på stafetten i Knarvik Xtrem 24. august kan det vere behov for andre eigenskapar.

– På asfalt er det behov for demping og å avlaste foten, medan når ein spring i terreng har ein behov for godt feste, og at ein ikkje skal gli. Mange ønskjer vasstette sko, men desse kan vere vanskelege å få vatnet ut av skoen att, forklarar han. Eigne preferansar og ønskjer bør vere avgjerande.


Sjekkliste til løpet:

  • Ein lett og komfortable treningsbukse/tights
  • Overdel tilpassa vêret
  • Gode sko
  • Springestrømper kan vere ein fordel. Du vil ikkje at naboen skal passere deg medan du trekk opp sokkane som har sklidd ned i skoen
  • Pulsklokka eller digital klokke til å halde auge med tida for dei som vil ”perse”
  • Sveitteband eller hanskar til å tørke bort sveitte
  • God sports-bh for kvinnene. Plaster på brystvortene mot gnaging for menn
  • Blir det knallvêr kan det vere lurt å ha med seg solbriller eller ein caps som skuggar for sola

To lukkelege menn som har passert mållinja.






Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc