– Kva kan eg gjera for andre?

Postet av Knarvikmila den 13. Jul 2016

Marco Elsafadi har spilt 18 år i eliteserien i basketball. Foto: Mette Randem


Ein tilfeldig fotballinteressert postmann vart redninga for flyktningen Marco Elsafadi og brødrane. No vil han at vi alle tenker over kva vi kan gjere for å gi andre ein betre kvardag.

– Kva kan eg gjera dei neste 24 timane som betrar livskvaliteten til ein person? Kven ville du hjupe og kva ville du gjort, spør Marco Elsafadi.

39-åringen er kjend som basketballspiller, programleder og vinnar av «Mesternes mester». Han har fått pris for «Årets forbilde», starta «New Page» og reiser Noreg rundt med foredrag. Han kjem til KnarvikKonferansen for å snakke om kva idretten kan bety for integrering og gjensidig respekt mellom ulike land og kulturar. Eit tema han brenn for etter eigne opplevingar som palestinsk flyktning. Etter mange år i flyktningeleir i Libanon flytta familien til Berlin. Der brukte Marco og brørne mykje tid på å spele fotball i gata.


Marco Elsafadi kom som flyktning til Kragerø og Noreg som 10-åring. Takka vere fotballen vart han fort integrert. No reiser han rundt i landet og held foredrag om relasjonar. Foto: Pål Laukli

Postmannen i Berlin

– Ein dag kom det ein postmann som lurte på kvifor vi ikkje spelte organisert. Han fekk oss inn i ein klubb og kjørde oss til å frå trening, då vi ikkje hadde bil. Då vi flytta til Kragerø i 1987 blei fotballen starten på integreringa. Etter ei veke var vi med i ein klubb, lenge før skulen eller noko anna formelt var på plass. Då eg begynte på skulen, kjende eg allereie halve klassen, for dei spelte på fotballaget. Det viser kor viktig fritidsinteresser er for intergreringa, seier Elsafadi.

Han meiner postmannen i Berlin hadde avgjerande betyding for hans livsveg seinare. Etter 18 år som elitespelar i basketball og grunnleggar av New Page, brenn han for å betre kommunikasjon mellom menneske og minne folk på å kor lite som skal til for å gi andre ein betre velkomst.

– Mitt hovudbodskap er «kva gjer du for fellesskapet». Den første kontakten husker du for resten av livet. Eg hugsar framleis Anita og Anita som spurde meg om å være med å hoppe tau då eg kom til Kragerø. Det kan vere så enkelt som å be den nye naboen på kaffi eller invitere nokon med i sjakklubben, seier Elsafadi.

Skape møteplassar

Han fortel at han får mange gode tilbakemeldingar når han er ute og held foredrag om temaet.

– Eg seier ingenting folk ikkje veit frå før. Vi lever i vår eigen verden og tar for gitt at alle har det bra, seier Elsafadi.

Han er oppteken av å lage arenaer der folk trivast. Faste møteplassar der ein skapar eit fellesskap.

– Ingen klarer seg heilt aleine. Fellesskap er motgift for einsemd, føler ein seg ikkje inkludert, kan det dra med seg andre kjipe kjensler, understreker han og legg til at det same gjeld i idretten.

– Utan det sosiale er idretten heilt forgjevas, etter mi meining. Det handlar ikkje berre om å vinne, men å skape godt samhald som eit lag. Dei gongene vi har vunne NM har vi gjort det fordi det har fungert både på parketten og i garderoben, understreker Elsafadi.


Les meir om konferansen:


Onsdag 31. august er han ein av mange som skal ha foredrag på KnarvikKonferansen på Fløyen. Hovudtema for årets konferanse er «Idretten sin verdi sett i eit internasjonalt og nasjonalt perspektiv». KnarvikKonferansen blir i år arranget for 20. gong. Foto: Arne Ristesund




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc