Sko deg rett til trening

Postet av Knarvikmila den 22. Jun 2016


Treningstøy skal vere funksjonelt, halde deg tørr og få deg til å yte maksimalt på trening. Val av riktig skotøy er likevel det aller viktigaste.

– Skikkelege sko er alfa og omega. Brukar du ikkje løpesko som passar foten din, risikerer du å bli skada og satt ut av trening, seier dagleg leiar i MX-sport Atleten, Bjørn Blomvågnes.
Han er ikkje i tvil om at han heller ville lagt nokre ekstra kroner i gode sko enn å kjøpa det aller nyaste innan treningstøy.
– Treningsklede er sekundert, seier han og understrekar at gode sko er med på å motverke skadar.

Slik vel du riktig løpesko
Det fins i hovudsak to typar sko for trening – ein nøytral og ein stabil sko. Korleis fotstillinga di og fotbuen din er, er avgjerande for kva sko du skal velje. I tillegg bør du ta omsyn til kva type underlag du skal springe på.
– Ein sko skal korrigere løpssteget ditt på best muleg måte, seier Blomvågnes.

Still deg sjølv følgjande tre spørsmål:

  • Kvar spring du?
    Dersom du spring på asfalt, treng du sko med god demping. Er du helst i terreng, er det viktig med sko som har godt grep og ei meir slitesterk overflate.
  • Kor ofte trenar du og kva slags type trening er det snakk om?
    Trenar du ofte, bør du ha ein god og stabil sko med bra demping. Spesielt viktig er det å finne ein sko som gjer at du førebygg og reduserer skadar, spesielt i kne og rygg.
  • Kva type fot har du?
    Det er tre hovudgrupper å dele føtene inn i: nøytral, flat og høg fotbue. Har du nøytral fotbue kan du bruke nesten kva som helst type løpesko. Er den flat har du behov for løpesko med god stabilitet som støttar opp fotbuen din og har du ein høg fotbue, treng du sko med ekstra god støtdemping og liten bevegelseskontroll.

– Hjelp til å finne ut kva fot du har og kva sko som passar deg får du i sportsbutikkane. Vi har denne kompetansen og er kontinuerleg på kurs for å friske opp kunnskapen slik at vi kan hjelpe deg å finne dei rette skoa, fortel Blomvågnes.

Ekstra motivasjon
Sjølv om treningstøy bør komme i andre rekkje, skal ein ikkje undervurdere kjensla av komfort og det å ta seg godt ut. God passform, fukttranspoterande innerst og vind- og vannbeskyttande ytst er gode råd når ein skal kle seg for ein treningstur.
– Mange kjøper også treningstøy som ein ekstra motivasjon. Eg har tru på at det å føle seg fresh og fin kan ha positiv verknad på drivkrafta til å trene, seier Blomvågnes.

Og skulle du vere i tvil på kva som er in i år, kan vi røpe at det er sterke, klare fargar som gjeld.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc