​Frå gamp til gaselle

Postet av Knarvikmila den 18. Apr 2016

Tonje Ormark (40) hatar å springe. No vil ho delta på halvmaraton under KnarvikMila.


– Eg har alltid hatt eit av-og-på-forhold til trening og har alltid hata å løpe. Verkeleg hata. Eg har masse spreke venninner, og i 2011 var eg med dei i «Birken». Det var med livet som innsats og eg tenkte at eg aldri kjem til å springe igjen, flirer 40-åringen frå Alversund.


NU!

Oppvaksen rett ved Knarvik Stadion har ho hatt folkefesten KnarvikMila rett inn i stova i mange år. Ho har gått naturløypa saman med ungane og deltok òg på milløpet i si ungdom. Ho testa litt ulike aktivitetar i oppveksten, men mista fort interessa. Då ho såg at KnarvikMila søkte etter nokon som ville komme i form, slang ho inn ein søknad.

– Det var i vinterferien, med mykje dårleg vér, stillesitting og skjermtid. Eg følte meg råtten og tenkte at NU har eg sjansen til å lære å like løping, seier Ormark.

Allereie dagen etter at ho fekk beskjed om at ho var plukka ut, trefte ho personleg trenar Svein Roar Kvamme. Ho fortalte han om korleis ho vanlegvis vert for ivrig med trening, skader seg og så stopper opp i lang tid. Dei såg óg på løpsteknikk på tredemølla.

– «Det er ikkje rart du får vondt i kne og bekken», var noko av det første han sa. Eg har alltid følt meg som ein elefant når eg spring, men nå justerte eg små ting som knekk i hofta og å ikkje lande på hælen. Svein Roar sa «nå spring du heilt perfekt, no gampar du ikkje lengre». Difor er mottoet mitt blitt «frå gamp til gaselle», flirer Ormark.


Motivasjon på topp

PT Svein Roar Kvamme har satt opp eit opplegg på tre løpeøkter og to styrkeøkter i veka. Ormark trener no tre gonger i veka samt ein tur om søndagen. Springinga er intervalløkter som skal aukast etterkvart. Målet er å stå på startstreken under halvmaraton i KnarvikMila søndag 4. september.


– Eg tok ein 3000-meters løpetest og trudde eg skulle døy. Men det er mange månader til, og følgjer eg opplegget, trur eg det skal gå greitt. Eg har to jenter på 9 og 16 som også har blitt motivert av dette. Nyleg var eg og den eldste på treningsstudio saman, for berre nokre veker sidan hadde det vore heilt utenkeleg, seier Ormark.


Teknikk viktig

Målet no er å like løping. Ho vil løpe fordi ho får ei god kjensle av det, ikkje fordi ho må.

– Då trur eg teknikken er kjempeviktig. Sjølv om det framleis er eit ork å løpe fekk eg ei utruleg positiv oppleving hos PT-en.

Med kyndig hjelp trur Ormark ho denne gongen vil klare å halde motivasjonen og treninga oppe. Før KnarvikMila skal ho delta på stafetten i «Bergen City Marathon», og det på sjølve bursdagen.

– Eg har fått sjarmøretappen på 1,6 kilometer inn til mål. At eg blir heia i mål er bonusen som gjer det levelig at eg skal løpe på bursdagen min, ler Ormark som óg planlegg å delta på milløpet på «Midnight Sun Marathon» i Tromsø.

– Eg har ein tendens til å hive meg uti ting, men eg trur at nøkkelen til at eg skal lykkast denne gongen er at eg har ein som følgjer meg opp. Eg er kjempelykkeleg for at eg får sjansen, seier ho og legg til:

– Det er sikkert fleire enn meg som har hatt negative opplevingar og trur at dei aldri kjem til å få det til. No har eg oppdaga kor mykje teknikken har å seie. Eg håpar andre våger å hive seg uti det og prøve. Kanskje ta seg ein time med ein PT og få litt starthjelp, seier ho.


Følg Tonje på vegen fram mot KnarvikMila og få nyttige treningstips ved å følge oss på Facebook.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc