Løp på Vestlandet har funne formen

Postet av Knarvikmila den 29. Feb 2016


Eddie Ebbesvik dagleg leiar i KnarvikMila.


Løp på Vestlandet har funne formen

Med springing mellom fjord og fjell og med løyper for alle har KnarvikMila funne si suksessoppskrift.

– KnarvikMila er bygd opp over mange år og er eit suksessarrangement. Eg trur grunnen er at vi har så mange ulike løp og er tilrettelagt for alle, enten ein vil springa fort eller mosjonera, seier Eddie Ebbesvik, dagleg leiar i KnarvikMila.

Mellom 24. august og 4. september verdt Nordhordland sitt største kultur- og idrettsarrangement arrangert for 34. gong. I fjor var heile 8000 deltakare med på idrettsfesten. Frå starten i 1982 har KnarvikMila blitt meir og meir profesjonalisert og inneheld meir enn bare springing. Kultur, konsertar, seminar og messe er mellom anna det som gjer seinsommarveka til ein folkefest for fleire enn dei som er glade i å springe fort eller langt.

Sjåheile programmet her:

Fjord og fjell

I fjor hadde arrangementet deltakarer frå 28 land og fire kontinent. Løpsturistane kjem i hovudsak for dei fine løypene og den flotte naturen mellom fjord og fjell. Særleg vil Ebbesvik trekkje fram halvmaraton, der deltakarane får med seg tre bruer under turen som går både i Meland og Lindås kommune.

– Også Knarvik Xtrem er ei ekstra fin og utfordrande løype. Ein favoritt for ekstremkongen Torbjørn Ludvigsen, seier Ebbesvik.

Mila og halvmaraton

Med løp og distansar som passar dei fleste, kan KnarvikMila by på gode opplevingar for alle – uansett alder og form. Ei nyheit for dei aller tøffaste er Fjord Viking. Det er tittelen ein får om ein deltek på både Knarvik Xtrem onsdag, (lang løype), 10 kilometer laurdag og halvmaraton sundag.

– Her har vi allereie fått ein del påmelde, så dette vert spennande, seier Ebbesvik.

Sundag vert familiedag, der ein fyrst kan starte dagen med gratis frukost, før dei minste kan ikle seg startnummer og delta i MiniMila eller KnøtteMila. Etterpå vil Ebbesvik anbefale NaturMila, om ikkje ein halvmaraton lokkar. Sundagen vert avslutta med konsert og trekning av dei flotte premiane. Då blir det stort folkefest.

500 frivillige

KnarvikMila vart starta i 1982 av eldsjel og primus motor Helge Brekke, og vert arrangert av friidrettsklubben FIL-AKS77. I 2015 var 500 frivillige i sving. Som medarrangørar er 14 ulike lag og foreininga. Alt av overskot går attende til lokalsamfunnet.

– KnarvikMila betyr mykje for lokale lag og foreiningar og gjer at vi til dømes kan bidra til nye anlegg. Eit eksempel er Brekkeløypa, som er eit folkehelsetiltak i regionen med 600 brukarar i snitt kvar dag, seier han.


YT-stafetten

Som tidlegare eliteløpar har Ebbesvik sjølv kjent spenninga på starstreken og gleda i målgang mang ein gong. Sjølv har han berre delteke to gonger i KnarvikMila, og då ikkje i si aktive karriere.

– Eg har alltid sett på KnarvikMila som er kvalitetsarrangement og ei morosam totaloppleving, seier Ebbesvik, som ville vald å springe saman med gode vener i YT-stafetten om han hadde hatt tid til å springe sjølv.

Kvifor bør folk ta turen til Knarvik denne veka?

– Det er god stemning og ei oppleving å ta med seg. Å springe saman med mange andre er ei er oppleving i seg sjølv. I tillegg har vi flotte premiar som vert trekt på startnummer, her i blant ein el-bil. På sjølve KnarvikMila-helga har vi messe i Nordhordlandshallen med mykje flotte tilbod frå våre samarbeidspartnarar. Søndagen vert ein fin dag for familien, der det er lagt til rette for kjekke aktivitetar for store og små heile dagen, seier Ebbesvik.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc