Spørsmål og svar

Postet av Knarvikmila den 25. Mar 2015

Spørsmål og svar om KnarvikMila

Kva lurar du på?



1. Kor startar og sluttar løypene? Alle løypene har start og mål ved Knarvik Stadion.



2. Kva for prisar har de for påmelding? Prisar finn de her.



3. Kva for distansar kan ein melde seg på som familie? Det er NaturMila og Bergen Fjord Tour



4. Kva er fristen for etterpåmelding? Fram til ein halv time før start.



5. Kvar kan eg melde meg på? Her kan du melde deg på.



6. Kan eg få refundert påmeldinga? Nei.



7. Kan eg bruke eigen chip? Nei. Ein må bruke chip lagt inn i startnummer.



8. Kor og når kan eg etterpåmelde meg? Ein kan etterpåmelde seg mot eit påmeldingsgebyr i Nordhordlandshallen fredag 2. September (16 – 20) og i Nordhordlandshallen 3. og 4. September frå kl 10. Ein kan også etterpåmelde seg på online.



9. Kor kan eg hente startnummer? I Nordhordlandshallen (like ved stadion) fredag 2. September (16 – 20), lørdag 3. sept. kl 10 – 16 og søndag 4. september kl 10 og fram til start.



10. Kor er kafeteriaen? I Nordhordlandshallen.



11. Kor er garderobane? I Nordhordlandshallen og ved bana.



12. Kva aldersgrense er det? På HalvMarathon må ein være 15 år (født i 2001). På 5 km og 10 km må ein være 10 år (født i 2005). Inga aldersgrense på NaturMila og Bergen FjordTur.



13. Kan andre hente startnummeret mitt? Ja, men husk at rett person får rett startnr.



14. Er det langt frå Nordhordlandshallen til Knarvik Stadion? Nei, Nordhordlandshallen ligg like ved Knarvik stadion der det er start og målgang for alle løp.



15. Er løypene merka og fri for trafikk? Alle løyper er godt merka og fri for trafikk. Utrykningskjøretøy vil ein sjølvsakt sleppe inn på løypa.



16. Er det drikkestasjoner i løypene? Det er drikkestasjoner i alle løypene. På HalvMaraton er det 5 drikkestasjoner med drikke og bananer.



17. Er det lege på løpa? Det vil være lege til stede på alle løpa. I tillegg vil Røde Kors ha mannskap i løypa og ved start/mål.



18. Er det tidsfrist på løpa? På HalvMaraton ,5 km og 10 km er det ikkje tidsfrist. På naturmila må alle være komme I mål til kl. 15. På Bergen FjordTur må alle være i mål til kl. 17.



19. Kan ein ha med hund i løypa? Nei. Dette gjelder også NaturMila. Grunnen er sikkerheit og helseplager – som for eksempel astma og allergi.






Kommentarer

2 Kommentarer

  • Elisabeth Hamre Elliott

    hvis jeg ikke husker om jeg har meldt meg på, hvor kan jeg finne dette ut?

    15 juni 2016
  • Knarvikmila

    Du kan gå inn på https://signup.eqtiming.no/?Event=Knarvikmila og trykk på "Deltakere" og velg den distansen du kanskje har meldt deg på.

    16 juni 2016

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc