Bergen Fjordtur 17. juni

Postet av Knarvikmila den 16. Feb 2017

Påmeldinga til Bergen Fjordtur lørdag 17. juni er nå opna. Bergen FjordTur er ein turmarsj på ca. 26 km. Traseen går frå Bryggen i Bergen(Thon Hotel) til Knarvik Senter. Store delar av turen følger den gamle postvegen og fortset på fortau/veg/sti over Norhordlandsbrua, Flatøy og Hagelsundbrua til Knarvik Senter. Dersom du ikkje vil gå heile turen, kan du starte frå IKEA i Åsane (16km). Det er ingen tidtaking på turen.

Ein finn meir informasjon om Bergen Fjordtur her.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc